Livet på skolen

Rare eventyr dag 3

Sceneprøve, musikkprøve, teatersminke og anna gøy!

Elevane på Elverum folkehøgskole starta dagen med “ord for dagen” i foredragssalen klokka 08:00. Med ein av dei kjende Dr. Schnill musikkvideoane som en morosam start på dagen var alle klare til å sette i gang arbeidet.  

I dag hadde alle gruppene gjennomgang av scenene, for å sjå om alt gjekk etter planen. Etter at de hadde hatt gjennomgang av scenene, vart det lynkurs i teatersminke. Seinare på dagen blei det gjennomført sminkeprøver, for å øve til førestillinga.  

Dokumentasjonsgruppa jobba med å dokumentere alt gjennom vlogging, blogging, instagram, facebook og fotografering. Det vart blant anna skreve et blogginnlegg om lynkurs i teatersminke, med intervju med teaterlærer Beate. Scenografi jobbar med å lage rekvisittar, “eventyrtunnel” og lage til show.  Sjå galleri lenger ned.

Medan alle sto på for å bli ferdig for dagen og klare til premieren om 3 dagar, jobba serveringsgruppa med å lage vaffler til alle. Alle var fornøgde med å få servert vafler til kveldsmat. På kvelden vart det filmkveld med popkorn. Det var moglegheit å velje mellom 3 filmar, Hip-hop musikalen “Hamilton”, “Bohemian Rhapsody” og “Across the universe”.   

– Skrevet av Anette i Dokumentgruppa

backpacker Bistand Bærekraft ekstremsport elverumfhs elverum folkehøgskole Historie kite Kommende arrangementer NCFU Norsk Cøliakiforening snowkite Studietur