Livet på skolen

Rare Eventyr dag 4

Forberedelser til generalprøve, photoshoot og annet gøy!

Elevane på Elverum folkehøgskule starta dagen med “Ord for dagen” klokka 08.00. Etter inspirerande ord frå Geir om at saman kan vi gjere alt og allsong, var alle klare for å føresette med rare eventyrveka. 

For mange vart det å starte arbeidet med å gjere seg klar til generalprøven, med både sminke, kostyme og rekvisittar. Korleis folk har laga sin vri på de ulike eventyra er topp hemmeleg, så det var strengt forbydt å snikkikke på generalprøven for de andre gruppene. Etter generalprøvene var ferdig for de ulike gruppene, for de så vidare til photoshot. Med sminke og kostyme på, vart det fleire gode bildar av de ulike eventyrgruppene.

Medan fleste hadde fokus på generalprøvene, hadde dokumentgruppa andre oppgåver å gjere. Blant de oppgåvene var å filme og redigere den siste vloggen for denne veka, med eit spennande intervju med Geir. Det vart også skrevet eit instagraminnlegg med fokus på serveringsgruppa, i tillegg til andre oppgåver.  

I dag fekk vi streng beskjed om å ikkje gå til “eventyrtunnelen”, for resultatet for den skal være topp hemmeleg. Det var scenografigruppa som hadde ansvar for å bli ferdig med den eventyrlege “eventyrtunnelen”, blant andre ting. Medan de jobba med siste innspurt på “eventyrtunnelen” som har både lyseffektar og andre spennande effektar er alle spente på å se det ferdige resultatet.  

På kvelden vart alle glade og fornøgde når de fekk servert pizza til kveldsmat, som serveringsgruppa hadde laga. Serveringsgruppa hadde også laga til bordplassering til middagen vi skal ha i morga, for å bli kjent med folk på tvers av linjer. Det vart seinare på kvelden open scene, der alle kunne melde seg på. Det vart ein fin kveld med både god pizza og fleire morosame innslag på open scene.  

backpacker Bistand Bærekraft ekstremsport elverumfhs elverum folkehøgskole Historie kite Kommende arrangementer NCFU Norsk Cøliakiforening snowkite Studietur