Backpacker/Ekstremsport

Backpacker i grotter, på bre og topp

Anne-Margit forteller:
Sundag 1. september 2013 reiste Backpacker/Ekstremsport-klassen på sin fyrste klassetur dette skuleåret. Fyrste punkt på programmet var grottevandring i Dummdalen, ti minutters kjøring frå Krossbu Turiststasjon kor me skulle overnatte to netter.

Der møtte me han som skulle vere guiden vår, Dan frå Nepal. Han gjekk gjennom grottene som han ikkje hadde gjort anna heile livet, og eg trur ikkje eg var aleine om å føle meg litt klumsete der eg kråla meg på kne innunder fjella. Men morosamt og spanande var det!

Inne i grotte
Inne i en av grottene.

Då me var ferdige i grottene skulle me tilbake til bussen og kjøre dei siste ti minutta til Krossbu. Då me kom dit fekk me bagasjen på plass på rommet før det bar ned i matsalen kor me fekk servert to-retters middag. Maten var god og me var alle nøgde med dagen.

Etter ei god natts søvn på Krossbu var me om morgonen klare for brevandring på Smørstabbreen saman med Friluftsliv/Ekstremsport. Veret kunne ikkje vore mykje betre og etter gåturen opp til breen var det mange som skjønte at det nok kom til å bli litt varmt med både ullundertøy, fleecegenser og vindtett jakke.

Gruppe på isbre
På vei opp på Bøverbreen.
Opp fra sprekken.
Jørgen hopper, – Nina og Per følger med.
«Me skal bade kver dag!» sitat Vemund og Jørgen

Etter brevandring og middag på tysdag satte me oss i bussen og køyrde mot Glitterheim, kor me skulle vere til fredag. Me kom fram seint på kvelden og måtte gå 8 kilometer med hodelykt på grusveg inn til hytta.

Pausestein.

Morgonen etter var planen å gå til Glittertind, Noregs nest høgste fjell med alle linjene som var på Glitterheim. Det var ein steinete tur, men stemninga var på topp, og nestan alle kom seg heilt opp!

Lærerene Per Eil og Kristian.
Toppløs på topp!

Det var og ei gruppe med representantar frå linjene Backpacker, Friluftsliv og Norwegian som gjekk vidare til ein annan topp(Ryggjehøe). Me fekk verkeleg balansetrening med hopping frå stein til stein i timesvis, men utsikta på toppen var absolutt verdt det! Det var ein luftig og lang tur, og då me kom ned til Glitterheim 19:30 var me glade for at dei fortsatt hadde varm middag til oss.

På torsdagen hadde lærarane lagt opp til tur igjen, noko ikkje alle var like glade for… Til tross for det gjekk alle ein god tur den dagen og, då innover dalen mot Veobreen.

Det var godt å gå ein tur kor underlaget ikkje berre bestod av stein og nokre tøffingar fekk til og med kjenne på badetemperaturen i bre-elva på veg tilbake.

På fredagen hadde me ikkje andre planar enn frokost, vasking og turen heim igjen, som bestod av ein times gåtur på grusveg og så 4-5 timer i bussen tilbake til skulen.

Alt i alt hadde me ein fantastisk tur med finver heile veka, kjekke folk, god stemning og mange nye opplevingar for alle. Me kunne ikkje hatt det stort betre, takk for turen alle saman!

backpacker Bistand Bærekraft ekstremsport elverumfhs elverum folkehøgskole Historie kite Kommende arrangementer NCFU Norsk Cøliakiforening snowkite Studietur